mandag 11. november 2013

Long time, no see


Jadda!
Hallo!
10 dagar i Mosambik gjorde susen må eg sei. Veldig kjekt å møta Andrea igjen som kom til Maputo og møtte oss siste helga. Der koste me oss masse. Konsert, kaker, shopping, god mat og god vin;) Batteria vart lada, hovudet klart igjen og motivasjonen er nogonlunde tilbake att.
Klare for konsert:) Komisk når dei heima skal peika på kven som er meg. Fyrst peikar dei til høgre, så til venstre og så i midten;)

Gjekk mykje i kaker den helga for å sei det sånn;)

Oh yeah, tapas, vin og sangria:)
Er no tilbake i Livingstone for ei natt, ettersom me reiser til Lusaka i morgon for midterm evaluation ilag med dei andre norske som er i Zambia. Blir nok i Lusaka fram til søndag tippar eg. Då rekke eg å bruka litt penger!

Takk til Mamma Seim som laga kjempefint lotto-spel til ungane. Populært og blant dei vaksne;)
Har berre vore i landsbyen i fire dagar itte eg kom heim ifrå Mosambik. Sist måndag når eg og Morten skulle få ordna nytt stempel i passet på immigrasjonskontoret, så gjekk det sjølvsagt ikkje smertefritt fordi me hadde heile to dagar igjen før visumet gjekk ut. Eg prøvde å forklara at eg ikkje budde i byen osv, men det var jo min eigen feil. Så då var det berre å venta til onsdagen då
Havragraut til bataljonen kvar morgon


I landsbyen har det ikkje skjedd noko i helga, men eg fekk avtalt med ein lærar at eg skal begynna med Tonga-undervisning neste tysdag. Godt å koma i gong før ein er vekke i to månadar;)

Elles var ”far” min innom her ein dag. Trur ikkje han er så glad i meg lenger ettersom han ikkje får pengene ifrå Response lenger, fordi han lurt på om han var velkommen, og kvifor eg ikkje hadde sagt ifrå at eg hadde reist til Mosambik. But but.

Og så jogga eg to morgonar. Og så oppdaga eg at det bur ein slange i doen. Og heimreise til landsbyen i lyn og torden bakpå karmen til pickupen var interessant.

I dag er det 38 dagar til eg landar på norsk jordJ


Julapynt anyone?

Halleluja!

Lyn og torden på veg heim? Ja takk

Det begynnar å bli grønt:)
Til og med blomar mamma

Må brenna litt

Dagens gymnastikk

Trenge du barnevakt er det berre å ringa hu her

Med varmen kjeme og søte mini-dyr
Du och jag Charigol

Ny kylling til høgre. Eg har fått ei høna oppkalt etter meg. Det er sjølvsagt den svarte til høgre;)

På veg for å sjå på fotballkamp