mandag 28. oktober 2013

Hej hej hallå Mosambik

Hallaien,
Ville berre sei hei og hadet ifrå MosambikJJ

Gira på ferie!
Helene og eg bestemte oss sist onsdag for å reisa til Mosambik på ferie, og torsdag sat me på flyet retning Johannesburg, deretter Maputo. Var så i Maputo ein dag før me hadde ein herleg 9timars busstur hit til Tofo. 
Her er det det gode liv som gjelde, men Helene vart dessverre sjuk på veg hit, men formen er på stigandes heldigvis. Tofo er ein liten plass, med mykje turisme i sesongane, men akkurat no er det ikkje så mykje turistas heldigvis. Veret har vore så som så, men me klagar ikkje, for me har fått updates frå Zambia om ekstrem varme, så då er det heilt greit å heller frysa bittelitt. Onsdag er planen å reisa på snorkling for å sjå kvalhai, håpar me er heldige og ser noko spennande!

I dag er det 60 dagar til eg reiser heim! JuhuJ gledar meg veldig til jul kjenner eg;)
Fekk pakken frå mamma og pappa før eg reiste. Halleluja for makrell i tomat og leverpostei! (sjølv om det hadde gått hol på den eine boksen, hehe) Oh yeah, heile pakken lukta makrell;) Og øyenbrynsfarge!

Når eg kjem attende til Zambia, er det berre ein månad att med ”jobb” før eg reiser til Cape Town den 3.desember. Har ca ei veka i byen før me skal vara ei veka på universitetet for å studera litt;)


Over og ut, helsing Knut 



Ei natt på hotell har sjeldan vore så etterlengta!
Luksusfrukost<3


Tuk-tuk i Maputo

Hahaha, say no more

Så tilbake til hostellivet;)

Ivrig vakthund;)
Tofo beach:)


Kor månge grader var det heima i Noreg igjen??

Blid og leken kokosnøtt søker make

Nokså sikkert high-speed

Hell yeah!

Good surf waves

fredag 11. oktober 2013

Hei bloggen

Tenkte og starta med nokre dagens antrekk bilete;)
Her har eg gått for favoritt-burkaen(skjørtet), litt avslappa stil med ein touch av Africa ( les vesko) og sporty (les pulsklokka)

Granny og eg på veg for å besøka slekt
Det har ikkje skjedd så mykje sidan sist i grunn. Har vore i landsbyen heile tidan. Dagane er stort sett like. Berre variasjonar i kor månge gonger eg hentar vatn for eksempel, eller kor månge sider eg lese på ein dag. Det å bu så tett på folk, månge folk, kan by på utfordringar for ein einstøing som meg. Eg er jo vane med å vara ein del åleina, slik som når eg kjørte til Lillehammer før i tida, eller berre på treningsturane. Her er åleinatida innskrenka til dusjinga og etter at eg har lagt meg. Frå eg står opp i halv sju tida, har eg alltid folk rundt meg, og prøvar eg å gå for å henta vatn åleina, kan ein vara 110% sikker på at syster, mor eller bestemor kjem etter meg. Så forrige veka bestemte eg meg for å begynna å jogga om morgonen, åleina. Men det som skjedde då var sjølvsagt at dei to eldste jentene vart med for å jogga. I kjole og flip flops vel og merka. Satan. Neste morgon prøvde eg lykken igjen. Hu på åtte ville vera med igjen. Hmm. MEN heldigvis, så blei hu sleten halvvegs og ville heim igjen. Jippi, så no har eg fått jogga åleina to gonger. Lykke!  
Mama I'm coming home<3

Ein kompis eg møtte på sist eg var i byen

På veg heim. Ser antrekket går igjen, men har ei annan klokka for å variera uttrykket

Trusene må tørkast innandørs. Hadde vore for gale om nåken mannfolk såg dei!
Netballkamp


Eg tenkte eg kunne fortelja litt om familien min.
Komikk når eg skal ta bilete. Gravalvorlege slik dei var heima i Noreg før i tida. Smile! Og så begynnar dei å le når dei innser at dei ser sure ut. Haha

Fyrst ute er sjølvsagt bestevennen min CharigolJ hu blir fem år i desember. Dotter til mama. Hu er stort sett veldig blid og glad. Utanom om morgonen før frukost og dersom hu er svolten. Ganske lik meg der, så ein bra match! Hu lærer meg chitonga og eg lærer hu engelsk. Hu snappar opp ting raskt og dagleg synge me head, shoulder, knee and toe. Blir lika imponert kvar gong når hu teke seg av ungane til naboane, tilfeldige babyar eller når hu lagar til bålet før matlaging. Rett og slett ein skikkelig søtingJ
BFFs

Estar 8 år. Dotter til mama. Hu her er meir stille og forsiktig. Veldig søt og pliktoppfyllande. Hjelper til mykje heima, og er alltid med meg for å henta vatn. Skulen i Katapazi er dessverre ikkje veldig god, og derfor kan hu heller ikkje mykje engelsk. Men me øver stadig vekk og engelsken kjem seg sakte men sikkertJ
Eg og Estar hentar vatn:)

Ennie. Syster til mama. Kan heller ikkje mykje engelsk men verkar veldig intelligent, og hu lærer fort. Veldig blid, hjelpsam, omtenksam og vaksen til å vera 12 år. Eg er sikker på at hu hadde fint greidd å ta seg av dei to andre jentene åleine!
Estar til høgre:) Ennie bakerst

Moses 21 år. Bror til mama. Kan ikkje mykje engelsk og me har derfor ikkje kommunisert mykje. Men han likar i alle fall mobilen sin. Og han mekkar på sykkelen min når trøo dett av eller kjedet kiler seg. Stort sett blid og eg trur han er trivelig.

Kul kis
Adam 24 år. Bror til mama. Tek seg av og styrer med kyrne og oksane. Litt forfengelig, men verkar trivelig! Likar å herja med ungane. Spelar fotball. Kan ikkje engelsk, så har ikkje kommunisert mykje her heller.

Cattle boss
Mama Agness 27 år. (Hu trur sjølv hu er 25, men seier hu er fødd i 86…) fitnesskropp, flittig og bestemt. Alltid tidleg oppe og styrer på med noko. Kan ikkje veldig mykje engelsk, men me greier å gjera oss forstått på kvar vår måte. Viser ikkje så mykje følelsar, men hu verkar heldigvis glad kvar gong eg kjem heim attJ
Mama

Granny ca 48. Wise senior i landsbyen. Det betyr at folk kjeme til hu dersom dei har problemer. Enten med kjærasten, jordbruket etc. Veldig interessert i å læra meir engelsk. Brukar konsekvent ”she” når hu snakkar om ”han”;) Granny er den eg snakkar mest med. Hu likar å høyra om korleis Noreg fungerar. Hu meinar me er ”dangerous” in your heads. Trur hu meinar at me er glupe, heheJ Veldig opptatt av at eg skal ha det bra. Omtenksam når det gjeld ungane. Eg likar egentlig Granny veldig godt!
Granny er eit arbeidsgjern

Ephrim, ”far”. Ukjent alder. Eg trur han bur sjå den andre kåno. Eg har berre sett han 3 gonger sidan eg flytte til familien. Har ein liten lastebil. Litt sløv. Har ikkje bilete av han.

Elles er det stadig nye familiemedlemmer som er innom og kanskje bur dei der ei veka eller såJ Mykje onklar, tanter, brødre osv, men eg har lært meg at bror nødvendigvis ikkje er bror men heller kanskje søskenbarn. Men alt i alt ein trivelig familie som eg likar godtJ

Hadde Kicking Aids Out peer leader workshop denne veka. Eg stod for programmet og Lawrence ordna med det praktisk og maten. Workshopen handla om korleis ein kan bruka idrett, fysisk aktivitet og leik til å informera ungar og ungdom om HIV og AIDS.
Planlegging av workshopen

Elles teke varmen knekken på meg for tida. Såg det er meldt 40 grader på måndag! Gledar meg til regnet kjeme.
Er no tilbake i byen og skal vera her fram til onsdag. I morgon skal me på Rafting i Zambezi River ilag med krokodillane. JuhuJ Så er det møte måndag og tysdag. Så ny workshop i landsbyen torsdag og fredagJ

Må og gratulera Christer Grøthe med ny jobb!!!:) Hurra!
Jadda!