mandag 28. oktober 2013

Hej hej hallå Mosambik

Hallaien,
Ville berre sei hei og hadet ifrå MosambikJJ

Gira på ferie!
Helene og eg bestemte oss sist onsdag for å reisa til Mosambik på ferie, og torsdag sat me på flyet retning Johannesburg, deretter Maputo. Var så i Maputo ein dag før me hadde ein herleg 9timars busstur hit til Tofo. 
Her er det det gode liv som gjelde, men Helene vart dessverre sjuk på veg hit, men formen er på stigandes heldigvis. Tofo er ein liten plass, med mykje turisme i sesongane, men akkurat no er det ikkje så mykje turistas heldigvis. Veret har vore så som så, men me klagar ikkje, for me har fått updates frå Zambia om ekstrem varme, så då er det heilt greit å heller frysa bittelitt. Onsdag er planen å reisa på snorkling for å sjå kvalhai, håpar me er heldige og ser noko spennande!

I dag er det 60 dagar til eg reiser heim! JuhuJ gledar meg veldig til jul kjenner eg;)
Fekk pakken frå mamma og pappa før eg reiste. Halleluja for makrell i tomat og leverpostei! (sjølv om det hadde gått hol på den eine boksen, hehe) Oh yeah, heile pakken lukta makrell;) Og øyenbrynsfarge!

Når eg kjem attende til Zambia, er det berre ein månad att med ”jobb” før eg reiser til Cape Town den 3.desember. Har ca ei veka i byen før me skal vara ei veka på universitetet for å studera litt;)


Over og ut, helsing Knut 



Ei natt på hotell har sjeldan vore så etterlengta!
Luksusfrukost<3


Tuk-tuk i Maputo

Hahaha, say no more

Så tilbake til hostellivet;)

Ivrig vakthund;)
Tofo beach:)


Kor månge grader var det heima i Noreg igjen??

Blid og leken kokosnøtt søker make

Nokså sikkert high-speed

Hell yeah!

Good surf waves

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar