mandag 27. januar 2014

A.F.R.I.C.A part 2


Ja, då er eg tilbake i Zambia igjen.

Etter to fantastiske veker i Cape Town, og ein månad heime i fedrelandet, var det på tide og setta seg på flyet til sydligare strøk igjen. Skal innrømma at det var ein smule tungt å reisa ifrå snø, vinter, ski, grovskjevene, bilen, folka og bygda. But but, no har eg kjøpt meg ei bok som heiter "Bli Best med Mental Trening", så no skal eg finna meg sjølv og prøva å sjå det positive i situasjonen;) Hehe

I dag har me hatt måndagsmøte på kontoret, der me gjekk igjennom årets plan for oss idrettsfrivillige. Eller, det var iallefall hensikten med møtet. Men overraskande nok så var ikkje planen klar;) Men eg må tilbake til byen til helga, ettersom me skal vera til stades når kontoret skal intervjua folk som har lyst å reisa på denne type utveksling til Norge. I ettermiddag reiser eg «heim» til familien min i landsbyen. Blir spennandes å sjå korleis det går med maisen og om elvene er blitt store. Gledar meg og spesielt til å sjå vetlesyster igjenJ


Snakkast!
Skal bli godt å sjå hu her igjen:)