mandag 2. desember 2013

Siste nytt:)


Hej hej hallå.
Litt skeptisk;)
Sist veka hoppa Morten, Helene, Alf og eg frå brua som går over til Zimbabwe. 111m fritt fall. Helene og eg hoppa tandem gorge swing. Det vil sei at me hoppar som du ville gjort når du hoppar strikk, men i staden for å hoppa med hovudet ned, og bli hengande i strikken der, blir du i gorge swingen hengandes i ein vaier slik at det blir heller som ei huska. Men løje var det. Og skummelt. Dødsangst dei sekunda ein er i fritt fall. Men godt å kjenna at ein lever igjen. Den følelsen er det lenge sidan eg har hatt.



It was a good day to die!


Juhu!
Det er snart to veker sidan eg for frå familien min no. Kvelden før eg reiste gav eg dei julagåver. Då vart dei i form. God must be with you, var ein setning som gjekk igjen den kvelden, haha. Og så fekk eg jo hatt ein språktime før eg reiste. Og ei kickboksing trening med gutta boys.
Jaudå

Familieportrett

Venting. Heldigvis kom det ein bissevov å heldt meg med selskap

Prøvde å læra dei korleis dei kan laga spå
Men det var fælt å sei farvel til minstejento. Hu byrja å grina når eg klemte hu hadet. Så då sto me der og grein då på morgonkvisten, medan dei andre oppmøtte sto og lo. Uff, håpar dei fortel hu at eg kjem attende om ei god stund.
Ny ball. Ny dabbe-rekord på minsta. Saknar hu allerede
Den siste veka har det stort sett gått i eksamen. 12 sider har blitt skrivne, og som vanleg har det gått hurrandes! Neidå, lenge leve skippertak! Jobbar best under press;) Elles blir det litt trening og julagåve-handel på nett.
Kjøpte meg ein tre-flodhest som vog 3kg her ein dag. Kor skal eg ha den mamma? Trur du det er plass i vindaugskarmen?
Eg saknar å laga mat. Derfor vart det pannekaker til frukost på gutta ein dag

Eksamen. Morten is killing it!

Eg saknar å laga mat, del 2. Spaghetti bolognese
Må sei eg gledar meg til å reisa litt igjen. Skal bli godt å bli sin eigen sjef igjen;)
Uansett, i morgon sitte eg på flyet til Cape Town. Sjø, god mat, opplevingar, shopping, pingvinar, julabord, say no more! Og ei veka med skule på Western Cape.

Berre litt over to veker til eg er heima no! Gledar meg te så mykje. Snø. Kulde. Laga mat. Baka julakonfekt. Ski. Trening. Kjøra bil. Legendariske festar. Kjærleik. Nye liv. Skjeva med smør, jarlsberg og paprika. Garasjen. Kattepusen. Dyna. Kaldt soverom. Og sjølvsagt gledar eg meg til å sjå akkurat deg igjen:)

Over og ut

Academic Work, eine samarbeidspartnaren til Response, var på besøk. Her lagar dei julakort med jentene dei sponsar

Reporting and evaluation workshop i Zimba

Velkomsten frå motellet i Zimba. What more can you ask for?