søndag 23. februar 2014

Filming med NIF og Zimbabwe-visitt

Hallo alle saman!

Korleis stend det til heime? Fortsatt vind og lite snø? (fekk nemlig ei halv side med ver-oppdateringar ifrå pappa her om dagen, hehe). Her er ei lita oppdatering sidan eg kom ned.

VERET. Regntid med spontane voldsomme regnbyger. Geitene søker dekning i huset mitt dersom eg gløymer å lukke døra. Gjørmete og nesten uframkommelig vei til byen;) Sol innimellom. Ifrå 25-40 grader. Berre litt vind her nede. Grønt og fint.
LANDSBYEN. Kjekt å koma heim igjen. Spesielt stas å sjå att vetlesøsJ Mama er gravid. Litt usikker på kva tid babyen kjem, men hu sa i alle fall at hu er ein månad på veg, så då kjem den nok ikkje når eg er her. Maisen veks. Eg har kjøpt meg gummistevlar. Nokre kyllingar er blitt store og nokre nye er komne til. Eldste «bror» min gifta seg i jula, og kåno har flytta inn. Kåno: « I love you Ida, because you can teach me english» hehe. Og ja, ein ting til; eg hadde fått blomsterbed utføre hytto mi når eg kom tilbake. Såå koseligJ

JOBBEN. Ikkje så veldig travelt akkurat, men var på volunteer training workshop denne veka. På grunn av regntid og farming season, er det lite sportslege aktivitetar her for tida. Dei seier det tek seg opp i mars/april. Det er komne to nydelige kattungar på kontoretJ Eg vil ta med meg ein heim til landsbyen! Elles besøkte den norske ambassadøren kontoret her i førre veke. Han virka som ein triveleg kar. Han var sjølvsagt gamal og hadde kvitt hår.

DIVERSE.

Mykje FLUGER og MYGG for tida.
Såg ein KAMELON her om dagen.
Har kost oss med BLÅBERSYLTETØY og RISENGRYNSGRAUT som eg hadde med heimante.
Skal snart begynna å sjå på den SISTE EKSAMEN me skal skriva.
Besøkte ANDREA i Zimbabwe førre veke. Veldig kjekt! Fekk til og med bakt kaka og laga komler. Då koste Idusen seg;)
Fekk besøk av ein FOTOGRAF ifrå NIF denne veka som skal laga ein informasjonsfilm om Idrettens Fredskorps. Det vart stor ståhei og unntakstilstand i landsbyen, hehe.  

I morgon reiser eg "heim" igjen til landsbyen, og skal etter planen bli der dei neste to vekene. But, you never know, planen forandrar seg fort;)




Anja kom på besøk ifrå Lusaka. Det feira me med ost, kjeks og finfin vin
Fann ut at det fanst yoga her <3

På veg til Harare, Zimbabwe. Stakkar dei som er over 1.60

Andrea og bissevoven til ambassade-Inger
Ny dag, nye muligheter! Iallefall ny workshop i vente
Fekk til og med plass i workshop-programmet;)

Hode-skulder-kne-og-tå på norsk slo an



K.O.M.L.E.- søndag i Zim. Godt Gome ikkje var der for å inspisera komlene, *kremt*

<3
Workshop denne veka; volunteer training


NIFs fotograf var på besøk for å laga ein informasjonsfilm

Truleg årets happening

Syste og bror 

Nabojenta og syste

Happy kids

Ballong e kjekt for både små og store

Nye kyllingar!!



Ny YSEP-volunteer som skal til Norge til neste år blei vald ut

Eg har trua!!

Kamelon
Null stress


Eller; jau