søndag 11. mai 2014

Besøk!

Hallaien!

No nærmar det seg heimreise noko voldsomt, og det er ikkje så lenge til eg kan sei; beint heimte!

Dei siste fire vekene har gått fort, og dei komandes fire vekene kjem nok til å gå endå fortare. 

Uansett, eg har jo hatt besøk av familien + tante Anne og fetter Fredrik, sidan sist. 
Dei ankom Palmesøndag og var her ei veka. Som sikkert dei fleste har fått med seg, så fekk opphaldet ein kjedelig slutt, då me hadde innbrot i hyttene medan me låg og sov, når me var på safari i Botswana. All bagasjen til mamma, pappa, tante og Fredrik forsvann, inkludert pass, penger, kamera, ipadar osv. Men det verste var nok at mamma og pappa vart trua på livet, då dei vakna medan tjuvane var på veg inn i hytta. Det er sjølvsagt ei traumatisk oppleving, spesielt då hu mor var skeptisk til å reisa til Afrika i det heile tatt. Men, ingen vart skadd og det er det viktigaste. Dei kom seg til slutt heim etter å ha venta på nødpass på flyplassen i Johannesburg i to dagar pga påskeferie. Eg trur dei har kome til hektene no, og eg meiner at dette kjem til å bli ein bra historie å fortelja under familieselskap, til barnebarna osv, om nokre år;)
Dessutan slapp dei å dra på masse bagasje på veg heim att, og det er jo eit pluss det og;)

Resten av veka storkoste me oss, så eg håpar dei sit att med nokre gode minner iallefall:)
Leveransar ifrå Norge <3


Heilt ok med ei veka på hotell:):)

Tanning

Og masasje!

Travel light, haha

Pappa og Helene klar for safari i Botswana

Pappa er nøgd med hatten!

Pils og safari =)

Fetter og kusine på eventyr

HELDIGVIS tok ikkje tjuvane hatten til Pappa

FERNET, MYGGMIDDEL, SKO OG TOALETTSAKER var alt Tante hadde igjen



Søtaste!




Sjå frisøren


Fine syste


Frukostidyll;)

Mykje vatn for tida

Turistas

Solnedgong ved hotellet

Innom i Casa de Seim/Rostille

Reptilpark, denna var ca 1 år

Ingenting i veien med skiltinga iallefall;)

Eg fekk kjøra bil for fyrste gong, hurra!

Vart møtt av Bestemor si song- og dansegruppe

Stor stas med så mange kvite folk på besøk, haha

Bestemor ledar an

Stas med besøk!

Her sit alle dei som har høg "status". Damene må sitta på marka

Mamma fann seg sjølvsagt ein baby og dulla med

Pappa inspiserar kornlageret

Eg fær vondt i hjarta av å tenka på at eg må sei hadet til hu her snart

Fredrik prøver pumpa

Pappa sin skalle er ikkje akkurat som skapt for å bera vatn på hovudet

Sigrid meinte hu var eit naturtalent;)

På Maramba Market





CAPENTA. Smakar sild



Safari-guiden vår




Dessa slåss

Bøffel og vortesvin

Hustelta me budde i på lodgen der me hadde innbrudd

Dagen derpå. Fredrik hadde heldigvis mobilen på lading i resepsjonen den nåtta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar