onsdag 14. mai 2014

Nest siste tur til landsbyen. Harvest, tur til Livingstone med ungane og Ida Tournament

3 V.EK.E.R. I.G.J.E.N

Då er det snart berre tre veker att her i Zambia. Og eg har berre igjen ei veka i landsbyen. Det er litt vemodig sjølvsagt, og eg gruar meg til å sei endelig farvel. Veit at eg kjem til å reisa ned att på besøk, men kven veit kva tid det kjem til å skje. Uansett, var nylig der i 10 dagar og innhaustinga av maisen er godt i gong, og eg får lov å vera med ein time om dagen (dei er redde for at eg skal bli sleten);) Det er eit arbeid eg likar godt i grunn. Har sakna dei stundene med slikt arbeid, der tankane vandrar og plutselig har ein arbeidd ei stund uten å tenka særleg over det.

Mama is harvesting

Adam

Vetlesøs. Slik eg kjem til å hugsa ho<3

Nytt spel ifrå Tante eller Mamma. Populært er det iallefall:)

Tidlig mørkt om dagane. Og deilig kaldt om nettene:)

Fyrste bybesøk for ungane

For ei veke sidan tok eg med ungane, "svigerinna" og Mama til Livingstone for å sjå Victoria Falls. Ungane hadde aldri vore i byen før, og det var mange nye inntrykk for dei, hehe. Trailerar, lyskryss, butikkar, asfalterte vegar osv. Tok dei også med på pizza-restaurant. Det var ingen suksess då nesten ingen av dei likte pizza, men men, då har dei iallefall fått smakt det;)

Aldrig har dei sett så mykje vatn før, og nokre syns det var litt skummelt

På brua som grensar til Zimbabwe

Ida Tournament

Sist veke var eg med å arrangere ei netball- og fotballturnering i landsbyen. 6 fotballlag og to netballag deltok. Dei bestemte at turneringa skulle heite Ida Tornament, haha. Så no må eg sponsa turneringa kvart år framøve;);)
Turneringa varte i to dagar, og mange skuelystne dukka opp for å få med seg den store hendinga;) 


Nokre av t-skjortene ein ser her i Zambia er berre herlige! Haha

Nice hat!

Tommel opp for turnering







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar