fredag 9. august 2013

African time

Hallai:)
Dag 4 på General Orientation allerede. Her går det i eitt kan ein trygt sei. Opp kl seks for å trena, så frukost halv åtte(det vil sei åtte), så program fram til lunsj kl eitt(halv to) og så program fram til fem, fotball etc fram til middag kl halv sju(sju) og så nokre timar avslapping/mingling før senga fristar i halv ti tida, hehe.

Formålet med kurset er å gje oss ein innføring i forskjellige situasjonar, problemstillingar og aktivitetar som me får bruk for ute i "felten". Fekk besøk frå den norske ambassaden her ein dag, der dei fortalde om kva politikk og bistand den norske staten fører her i Zambia. Idag har me for eksempel hatt mykje om HIV/AIDS problematikken, deriblant seksualundervisning der eg måtte visa korleis ein trer på ein kondom, veldig kjekt ettersom kondommerket heit IDA;)

Ellers bur alle me norske med ein eller ei ifrå Afrika, og eg bur med ei ifrå Livingstone/Zambia som brukar hårbørsten min og ikkje trekke ned i do, men hu e veldig søt då:)

Me har ikkje sett så mykje av Lusaka endå, men i måro skal me på byen for å læra oss å shaka;) Og søndag har me fri, så då blir det muligens litt solings på eit hotell eller noko i den dur.

Kva ant kan eg fortelja om tru...maten er ikkje så god, det er ikkje alltid vatn i springen og det er ikkje så varmt her endå(sånn ca som ein god sommarsdag heima). Sommaren startar om ein månads tid her:)

Her kjem nokre bilete frå dei siste dagane







Har ikkje fått så mykje info om kva eg skal arbeida med endå, men eg skal iallefall bu ganske primitivt trur eg i ein landsby ein times tid utanfor Livingstone. Herregud no er klokko øve 22.00 så det er på tide å koma seg i seng!;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar