søndag 25. august 2013

Livingstone

Ja, då har nok ei veka gått:)
Sist søndag satt Helene, Morten og eg på bussen ned hit til Livingstone. Søndag kveld møtte Morten og eg så vidt vertsfamiliane våre. Min ”far” har to kåner og seks ungar trur eg. Kånene bur kvar for seg så ”far” reiser litt fram og tebake;) Eg møtte berre hu eine, så eg reknar med at eg skal bu med hu og dei to ungane på 4 og 8 år som hu har med han. Landsbyen eg skal bu i heiter Katapazi og ligg ca ein halvtime utføre Livingstone. Det finst ikkje strøm der og det bur  ca 150 stk der. Response har visstnok satt opp eit lite solcelle panel slik at eg kan lada mobilen og slikt, juhuJ Men det spørs vel kor mykje dekning det er uti der;) 
Spente og nervøse møtte eg og makker Morten (som og skal jobba for Response),opp på kontoret måndags morgon for å vara med på infomøte/workshop. Me var og ganske sikre på at me skulle flytta ut til familiane på tysdagen. Det har me i alle fall lært oss i løpet av denna veko, at her må ein ta kvar plan med ei klypa salt. I staden for flytting vart det heller lagt ein plan der me skulle ut i bushen på onsdagen(telt) for å vara med på ein workshop med andre lokale frivillige. Okay. 
Pakka for telttur(les helvete å få plass til alt i store sekken allereie) møtte me på kontoret onsdag morgon. Nei, då er neste beskjed at dei heller ville ha workshopen på kontoret i staden for. Ok. Sjekka inn på tredje hostellet. 
Reiste for å sjå Luna-rainbow ved Victoria Falls. Var for seint ute. Men fekk sett solnedgongen over Zambezi. Det var heilt oki +.  Workshop torsdag og fredag. Reiste til Victoria Falls igjen i går(mest for å bada og sola oss ved dei dyre hotella). Kult, men litt lite vatn på denna tida av året. Hotella var stengde for vanlig dødelige pga UNWTO møte som foregår her for tida. Presidenten er her trur eg. Det betyr mykje politi og mykje i-siste-liten oppussing og laging av fortau…
Vurderte her ein dag å melda meg  på eit halv-maraton løp som er på tysdag. Innsåg at det kom te å bli långt. Glad for det i dag når eg trente og snittpulsen låg på 155, og det var styrketrening! Elles saknar eg litt å kjøra bil, mat som smakar noko, Litlos og alle dåkkan som gjere kvardagen så bra der heimaJ 
I måro skal me flytta til familiane(det e planen i alle fall) så skal me på to workshops i to forskjellige landsbyar og så skal me tilbake hit til Livingstone til helga:) 
Stor klem 



Her er haustplanen til meg og Morten

Sunset at Zambezi River


Victoria Falls

Los turistos; Helene og Morten

Katapazi; my new home town

Morten kosar seg med te på kontoret;)

Godt å veta at det er 24hrs service, hehe

Lika greit å berre behalda bobleplasten på

Travel light 1

Travel light 2

Synd me ikkje er her i måro, haha

Sjefen sjøl, Håkon

Her har eg blitt assistenten til Weston, gjeng også under navnet tjukken, hehe

Pallar med maismjøl, som igjen skal bli til nshima(les maisgraut)

Malariamedisin kjøpt på det lokale apoteket, tvi tvi

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar