lørdag 7. september 2013

Det har skjedd ein del sidan sist.
Flytta til familien min, vore på workshops ute i landsbyar, hengt utføre kanten av Victoria Falls, byrja på heimeeksamen som skal leverast neste fredag, og sist men ikkje minst så fekk eg veta at mi kjære Marte Holt  var ute for ei alvorleg bilulykke denne veka. Eg fekk snakka med systra på tysdag, og Marte er ved bevisstheit men har hatt fleire operasjonar i begge beina. Rygg, bekken og nerver er heldigvis i orden sa legane, så håpet er at hu skal kunna gå nokså normalt igjen. Ikkje kjekt å vara her nede å få ein slik beskjed… Eg lovar at eg skal begynna å kjøra finare når eg kjem heim!

Så over til kjekkare ting. Førre veka så reiste Morten og eg ut på workshops ilag med Amon som jobbar i Response, Steve og Biemba(sportskoordinatoren og kontaktpersonen vår i Response). Eg og Morten var med for å sjå og læra. Det meste føregjekk på Tonga, så eg og Morten sat for det mesta og sløva eller las pensum. Om kveldane spelte med yatzy og laga mat. Maten bestod av nshima og kylling eller gris kokt i olja. Så vart eg sendt tilbake til Livingstone fordi eg var forkjøla, hehe. Dei kunne ikkje ta sjansen som dei sa. Så då vart det ekstra lång helg for meg i byen. Ganske godt å få vara litt åleina egentligJ

Helga elles blei brukt til tennis, pensumlesing, solings og middag sjå sjefen. På søndagen reiste me norske for å bada i Devils Pond, heilt på kanten av Victoria Falls. Det var kjektJ Etter badinga var det solings som gjaldt, ved bassengkanten på Royal Livingstone(sjukt fint hotell). Måndag var det møte på kontoret. Fyrst to timar venting, 3 timar møte(tok fem min det som gjaldt meg og Morten, og så gjorde me oss klare for å reisa ut til familiane. Kom oss av garde i sekstida,  litt kaninjakting med bilen undervegs, og framme i mørket i åttetida. Helste på familien, åt middag, flytta inn i hytto, såg på Morten som viste fram korttriks og så i seng.

Denna veka har gått fort med mykje nye inntrykk, spesielt veldig månge nye fjes. Ein dag var eg med mama og ein annan volunteer til ein nabolandsby for å sjå på ein slags seremoni. Opplegget var at alle landsbyane i området skulle gje ei gåva til ei dama som satt i midten av ein ring av dansanes damer. Sånn ca i alle fall. Når det var ferdig så kunne dei som ville dansa i midten. Sjølvsagt ville dei at eg skulle dansa, så då blei det slik. Dei lo og hoia, og eg trur dei syns det var løje, hehe. Ellers kjeme dei långveis frå for å sjå og helsa på meg, heheJ På tunet heima går oksar, geiter, grisar og høner om kvarandre. Kveldane er mørke og stille og med ein fantastisk stjernehimmel!
Familien er veldig triveleg, og eg trur eg kjeme til å trivast godt. Det er mama Agness som er ca 24-27 år, granny Charity på 48, Esther på åtte som er dottera til mama, Ennie på 12 som er dottera til Charity, Adam 21, bror til Agness, og far Ephrim som er bonde/ kjører transport fram og tilbake til Livingstone trur eg. Og litt business som dei ofta seier her. Agness har ei dotter til på 4 år men hu bur med tanto si i ein annan landsby. Eg har ikkje greidd å finna ut kvifor. Fekk møtt hu såvidt igår, og hu var veldig søt.  Ute på landsbygda får eg litt same følelsen som når eg er til fjells. Ein slags ro, som er vanskeleg å finna andre plassar. Men det blir sjølvsagt godt å koma inn til byen av og til ogJ


No i helga er det studering og heimaeksamen som gjeld, jippi! Den skal leverast neste fredag, og eg fann ut at det vart vanskeleg å skriva heima i hytta ettersom det ikkje er strøm der, berre eit solpanel, så då reiste eg inn til byen. Så no sit Helene, Markus og eg og skriv for harda livet;)

Neste veka er det ny to-dagars workshop i ein ny landsby + follow ups i området der eg bur. Trur det betyr at me syklar rundt til dei forskjellige sportsklubbane og ser kva dei held på med og om dei treng nye kurs osv. Så skal eg tilbake til Livingstone til helga for då kjem Anja og kanskje Ruben og Anita frå Lusaka. Då blir det i allefall sunset-cruise(booze-cruise) på Zambezi og feiring av innlevert eksamen reknar eg med:)

Ein an komisk ting her nede er at folk ofta kommenterar utseendet. Dei roper støtt og stadig itte meg; you look fat, you look strong, you look fit. Hahaha. Jau takk for det!

Håpar alt stende bra te i moderlandet:)
Ankomst fyrste workshopen

Solnedgong 


Viktig! 2/3 har hiv her

Workshop- Kicking Aids Out

Doar. Det betyr hål i golvet

Værsågod no kan dåkkan laga middag

Morten

Los turistos

Devils Pond

Kanten av Victoria Falls


Avslappning på Royal Livingstone

Juhu!

Fine business ladies


Fritidssyssel i Livingstone

Legg til bildetekst

Katapazi, min nye heim

Middagsmat

Systrene mine hentar vatn. Eg har øvd på teknikken, men eg endar alltid opp med å bli klissvåt;)

Seremoni i nabolandsbyen

Fanclub

Ny workshop. Sports&disability. Her sittandes volleyball

Hytto mi<3 The director Håkon, meg, tante bak, mama, syster charity, granny og makker Lawrence

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar