lørdag 28. september 2013

Mais, VM i venting og boobs



Bestevennen min:)
Måndag 16.sep: møte på kontoret(same som sist), lunch på Olgas (favorittrestauranten), møte, Mitta market:finna transport heim. No er også kusino til mama der med ein unge på 15 mnd. Hu finne fram puppen sjølv. Veldig greit i grunn;)Puppen fungerar i grunn som ein smokk. Det hadde du likt Ina;) You wash your body. Charigol (fireåringen)har blitt min nye frisør, og eg lærte hu og klø meg på armen, juhu;) Så sång me hode, skulder, kne og tå.

Olivia
Tysdag: follow up in Lilongwe. Fyrste gong eg har sett ei geit på ein sykkel. Riktig nok festa til bagasjebrettet… Deretter fekk eg og Lawrence ei høna på deling. Den og måtte på bagasjebrettet. Såg ein fotballkamp. Den endte 1-1. innom til Simonia, hu e dødstynn og sjuk. Jobba for Response før. Now you wash your body. Fekk capenta til middag. Smakte sild. Og nshima sjølvsagt. Vaska klær trur eg. Fekk vannblemmer på fingrane.
Khala West vs eit eller anna



Onsdag: Frukost: maisgraut, god og søt. Venta på Lawrence (min response-kontakt i området) som skulle koma i halv tri-tida. Han kom aldrig. Han var sjuk fekk eg veta på kvelden. Engelsk-chitonga utveksling. Volleyball og fotball på tunet. Lesing i boka mi. Henta sikkert vatn ein gong og. Now you wash your body. Nshima. Kveldsunderhaldning: mobilvideoane til lillebror: tidlegare presidents begravelse m.m, ei kyr som drive med kung fu, zambisk musikk og avstraffelse I zimbabwiske fengsel. Veldig kjekt!
Charigol og Ester

Eg lærer bestemor meir engelsk

Torsdag: fritas til frukost. Engelsk, volleyball, leik. Lunsj. Ris og poter(granny er redd eg skal bli sjuk av for mykje nshima). Charigol ikkje i form. Feber, eg lurar på om det e malaria. Men det er jo ikkje mygg her no for tida så lite truleg. Lesing. Netball-trening med jentene. Eg vart spiss(heiter det det i basket?) sikkert fordi eg er kvit. Dei trur kvite er gode til alt. Now you wash yout body. Yes, okay. RR på iphonen i “dusjen”. Middag. Nshima og saus. Wordfeud på mobilen. God natt.

Sjekk 4-åringen tenner opp kokeapparatet;)
Company og hytto mi:)
Fredag: Fekk trumfa igjennom å laga havragraut til frukost. Med litt ekstra sukker i så likte dei det dei ogJ mama laga fritas og. Eg seier eg er redd for å bli tjukkare. Det er det dummaste dei har høyrt. Det er jo kjempe bra å vera ”fat”. La gå. Now Moses can escort you to Lawrence(1,5km). Okay, eg syklar, han sitte bakpå. Framme hjå Lawrence. Ingen Lawrence å sjå. Berre jenter. Dei kan ikkje engelsk. Ikkje Moses heller. Dei sette fram ein stor stol i skyggen til meg. Dei sitte på krakkar eit stykke unna. Ein unge begynnar å grina når ho ser meg. Mokoa: kviting. Dei smører voks/vaselin/balsam i håret på kvarandre. Lawrence kjem attende. Kåno lagar til lunsj. Eg fortel om Norge til ein annan som kjem innom. Nei eg er ikkje gift. Ja eg er 25 men ikkje gift. Fordi eg har ikkje hatt tid. Nei eg ventar ikkje på ein black man. Takk for maten. Trening kl 14 hours. Ingen å sjå på banen.  15 hours, fortsatt ingen å sjå. 16 hours, fortsatt ingen. 17 hours, jau der var det jaggu nåken. Maiza buti= god ettermiddag. Ingen ball. Men plukkar litt stein. Now you wash your body. Middag. Nshima, saus, grønnsaker og kokte egg. Fekk to egg av ”oldemor” som eg kjøpte sukker og loff til sist helg. Lønner seg visst å vara snill pike;)

Havrik:)
  Lordag: Drittdag. Eller klent humør med andre ord. For fyrste gong har eg lengta heim te skjever med brunost og eit glas mjelk, muligheten te å vara åleina og te dagar som ikkje går i det sama dag ut- dag inn. Henta vatn og bar det på håve for fyrste gong i dag. Haha. Blei bare litt klissvåt. Menyen i dag: ris med tomatsaus til frukost, nshima, kokte egg og kokte poter til lunsj, og smultboller til kvelds/middag. Haha i dag tidleg måtte eg le for meg sjølv. Eg og bestemor sat og åt frukost. Det var varmt frå morgonen av i dag, så me prata litt om det, og så opnar hu berre blusen på full guffe. Så då henge skinnfellene der då, og eg latar som ingenting. Komikk altså. Netball-kamp. Blitt forsvarar denne gongen. Me vann 21-11. Itte kampen kjeme det ein bort til meg og seier at no passar det vel for deg og sei nåke til spelarane. EG? Ja du. Hmmm. Jaja. Veldig bra spelt i dag alle samen, kjekt at eg fekk vara med osv. Snakkast. Dei andre laga vil visst at eg skal spela for dei og. Sjølv om eg er mykje klenare enn dei andre. Men eg er jo kvit, så de reknar vel med at eg ska bli dritgod. Helvete no kom eg akkurat på at eg må opp klokko seks i måro tidleg. Kørkjes. Og ikkje nok med det, headmaster på skulen skal oversetta heile opplegget for meg. Akkurat det eg ønska. MEN eg har vaska sengaklær i dag! Rimelig digg å legga seg i rein seng. Dåkkan sku sett vaskevatnet, haha. Nei no ska eg høyra på RR podcast, det lyser alltid opp ein  litt kjedelig dagJ
=vannblemmer. Haha. "You have soft hands"

Søndag: kyrkjetid. Bra kor. Mama= pavarotti(female version). Pastor seie at alle har ein rett til å velga kva ein trur på. Bra tenker eg. Då kan eg kanskje sei at eg ikkje trur på gud. Håndhelsar på alle etter gudstjenesten. Blir skyssa inn i ei hytta. Eg får kylling. Kun eg. Tynne ungar ser på medan eg ete. Føler meg som ein kronidiot. Skyssa inn i ei anna hytta. Der er pastor++. Me snakkar om politikk. Om Noreg og Zambia. Dei er øvegjedde. Eg prisar meg lykkeleg for at eg er fødd i Noreg.

Denne veka har eg vore på Kicking Aids Out workshop i Kubuyu. Teltliv, våtserviettar og yatzy. Kjekt å sjå Morten igjen. Kunna snakka norsk og le av dei same situasjonane ein møter på landsbygda. Var godt å koma til byen igjen i går. Ein lång dusj, god mat og vatn i springen. Men kjenner eg er litt sleten. I helga skal eg berre ta livet med ro. Trena litt, sola meg og eta kaka på cafe. Og bestilla flybillettar heimte. Mama I’m coming home. Ndia ko monziJ
Kicking Aids Out workshop i ein av kyrkjene i Kubuyu denne veka

Morten er kjempe fornøyd med middagen fyrste kvelden;)

Ein 7kg sukker går med i teen når ein er 15 mann på workshop i 21/2 dag

Eg elskar våtserviettar
Eg har det ikkje så ille som det ser ut te her altså. Eg har det braJ Bestemor merka at eg ikkje var i så godt humør her ein dag og då ville hu få lillebror til å sykla til butikken for å kjøpa kjeks til meg. Hehe, dei er så godeJDet er berre litt frustrerandes med all ventinga og aldri å veta sikkert kva som skjer neste dag/ veka/ mnd. Eg likar jo å legga planar som dåkkan veit. Kalenderen er alltid full. Men her er det vanskelig å planlegga nåke som helst. Men i dag er det overskya, altså ikkje så varmt, eg kan bestemma dagen min sjølv og eg har snakka med folk heima. Idusen er i form igjenJ

Charigol hadde forresten malaria. Men straka vegen til klinikken, 3 forskjellige medisiner og voila, frisk som ein fisk.

Veret: månge lurar nok på korleis veret er. Spesielt du pappa;) Og heilt sikkert du Gofa. Ja det er varmt her no. Men ganske mykje vind om dagane. Ligge på 35-40 grader. Men det går på eit vis. Søve heldigvis ganske godt. Eg har jo stråtak og det hjelperJ elles drive dei mykje med bråtebrenning her. Din bråtebrann i år 2000 pappa er ingenting. Her lyser det opp i horisonten kvar kveld. Dei gjere det for å laga kol til kokinga. Eller for å gjera det lettare å jakta på kaniner og liknande. Så månge plassar er det heilt svartsvidd. Trea begynnar å bli grøne. Det er kjektJ Med ein gong regnet kjeme, verte graset og grønt. Regntida blir interessant. Klene vegar + klene bilar + elver og gjørma = problems;)


Boobs: er her det mykje pupper. For babyar fungerar puppen som smokk som sagt. Mødrene slenger ut puppen kor som helst, når som helst. Eg blir litt flau. Dessuten brukar ikkje damer her bh. Det betyr at ein legge merke til om det er små, store, långe, spisse eller flate pupper. Hadde nok vore interessant for dåkkan gutta å vore her;)
Tenkte på deg Mari når eg såg dessa;) Skal eg ta med ein heim?


Sjekk ut kul på halsen på damo til venstre. SJUKT
Zonda. Han likar å jaga grisene:)


Feiekosten
Skrelling av maiskolbar


Lagar maismjøl



Jentene på Boozecruise. Anita, Anja, Helene og meg:)

Solnedgong ved Royal Livingstone. Can't complain;)

Kul kaktus
Bror Adam er sjef for oksane



Tenkte på deg Mari når eg såg dessa. Skal eg ta med ein heim?;)

Skjønnasen:)

Volleyball med nabojenter
Nei, no ska det trenast! Håpar alt stende bra te heimaJ

2 kommentarer:

  1. så spennande å lesa om dine opplevelser, IDA! Forstår det kan gå litt trått. Vil du bli med ei vega t sjøen snart?

    SvarSlett