lørdag 14. september 2013

Hei hei!
Går tida lika fort heima som her? Er i alle fall tilbake i Livingstone i helga. Eksamen vart levert igår, og dei andre frivillige(Ruben, Anita og Anja) kom frå Lusaka i går, for å sjå Livingstone. Det er løjeJ Morten ligge og spyr på rommet stakkar. Han trur at far hans heve bensin eller liknande i vatnet heima sjå han, haha. Han gjere det sikkert for å vara grei men….

Eg reiste hit torsdag for å sikra meg transport om morgonen. Er nemleg ikkje sikkert at det er nokon bil som kjører på ettermiddagen og, hehe. Intimgrensene blir i alle fall testa når ein skal til og frå bushen:p Då eg skulle tilbake til bygda på måndag, fekk eg haika med ein liten pickup. Eg fekk sitta framme ilag med ei an dama(type stor ). Det vil sei at eine beinet mitt var der girstanga var, som igjen betydde at eg måtte lyfta opp foten på dashbordet for kvar giring, haha. Lasteplanet var fylt med sikkert 15 mann+ MYKJE bagasje/last. Turen tok kun  to og ein halv time, men ein må alltid hugsa på at det kunne vore verre, for eksempel så kunne sjåføren lukta jæklig sveitte og/eller det kunne vore endå 10 grader varmare ute, eller kva med eit lite break down undervegs?;) Kom fram akkurat då det mørkna, men mama var der med sykkelen min og venta på meg. Traska halvtimen det tek å gå ifrå sjølve Katapazi og heim i mørkretJ Plassen der eg bur heiter egentlig Muncheke, men eg gløymde det ut heile tida, fram til eg fann ut at det minna meg om munnsjekk, og då hugsa eg det!

Korleis er ein vanleg dag i Muncheke?  Jau, då vaknar eg i tre-fire tida av hanen som trur det er morgon allereie, sovnar igjen, før eg vaknar i halv sekstida av at eldste dottera feiar gardsplassen med ein liten heimelaga kost. Står opp i seks-sjutida alt ettersom, steller meg, hentar vatn ilag md systrene mine(eg praktiserar farmers walk enn så lenge), så er det tid for frukost; fritas(laga av maismjøl, bakepulver, salt og sukker, kokt i olja) med peanøttsmør og te. Skal prøva å innføra havragraut neste veke, heheJ  Hjelper så te med oppvasken om eg fær lov, her fungerar sand som skrubb, og oppvaskkosten er ein maissekk-bit, eller så reiser eg på ”jobb”(work shop eller follow up). Så kan eg enten hjelpa dei vaksne med noko arbeid, spela fotball/volleyball med ungane, herja med minstejento, vaska undertøy(dei andre klærne vaskar mama) eller drikka maisøl eller te med bestemor.  Nshima og saus til lunsj, nshima og poter til middag;) Mama, granny og eg ete inne i huset til granny, medan ungane og bror ti mama ete ute. Trur eg fær den beste maten…Halv sju er det bekmørkt, ete middag sju, ”legge meg” i åttetida. Godt med litt åleinatid på slutten av dagen. Då er det Radioresepsjonen på podcast, litt ustødig nett på mobilen, men godt nok til å bli oppdatert på heimefronten;)
Slik går no dagane. Papa har eg nesten ikkje sett, han er i Livingstone på business;)


Neste veke skal eg vera i bushen, og så ventar ei heil veke med Kicking Aids Out workshop i ein annan landsby veka etter det igjen.

Legg til fleire bilete seinare, finne ikkje minnekortlesaren for øyeblikket....

Hey ho
I byen fær ein trent litt og:):)

På måndagar og torsdagar kan eg få skyss tilbake til Muncheke

Engelskundervisning med Esther og Charity

Mama og eg på veg til ein workshop

Lokale gutar 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar