lørdag 3. august 2013

Hasta luego


Ida Seims tradisjonsrike postkort er no bytta ut med blogging. Neidå, eg skal fortsatt senda dykk postkort, men det kan kanskje vera kjekt med ein blogg undervegs der eg kan klaga litt ved behov, legga ut bilete og kanskje til og med fortelja om kva eg driv med der nede sør for Malmø;)

I morgon sit eg altså på flyet til Zambia, og kjem kanskje ikkje heim att før i juni. Eller jula dersom heimlengsla blir for stor. Opplegget er i regi av Idrettsforbundet som igjen samarbeidar med Fredskorpset og lokale organisasjonar i Zambia og Zimbabwe. Me er sju stk som skal vera i Zambia og fire i Zimbabwe, noko som forhåpentligvis resulterar i fleire Zimbabwe-besøk for min del. Eg skal jobba for ein organisasjon som heiter Response Network saman med ein annan norske som heiter Morten:) Når me kjem ned, skal alle saman fyrst vera i Lusaka i ti dagar på General Orientation med andre fredskorpsarar. Deretter går turen til Livingstone og etter kvart landsbyen der eg skal bu(trur eg iallefall).

Kjeme til å sakna detta++++, men det trur og håpar eg blir overskygga av alle dei nye opplevingane og alle dei nye bekjentskapa. 







Sekken er pakka, vaksiner er tatt og birkenstock-sandaler er kjøpt(this is for you mama). Skrivesperro kom som kasta på meg akkurat no, så eg fær skriva meir når eg kjem ned. Trur forresten at detta blir ein ganske kortfatta blogg i framtida ettersom eg ikkje kan skryta på meg å vera så altfor glad i å skriva. But but. Kanskje det blir desto fleire bilete fær ein håpa;)

This chapter is for my dear english-speaking friends<3
Tomorrow I'm heading for Zambia actually. It might not come as a surprise;) I'll be working on behalf for the Norwegian Sport Association, in a local organization called Response Network with head office in Livingstone. It's a youth sport exchange program cooperating with the peace corps. As far as I know I'll be living in a small village about an hour away, and I'll stay with a host family which I don't know much about yet. The program last until June, but I might go home for Christmas. Time will show:)  

1 kommentar:

  1. Ååå, så kjekt! It's not only only, but but - you will come home for Christmas!

    SvarSlett